Breimsbygda idrettslag ønskjer velkomen til NM i friidrett på Byrkjelo stadion 17.-19. august 2018.

Ønskjer du å halde deg oppdatert om NM i tida framover, oppfordrar vi deg til å like oss på Facebook og følgje med der. Vi vil også publisere nyhetssaker under «Siste innlegg» her på heimesida.

Vi oppmodar alle om å bestille overnatting i god tid (sjå oversikt over anbefalte overnattingsstadar). Det er fergeavgang på Anda-Lote kvart 20 minuttar, dermed er også Nordfjordeid ein flott stad for overnatting under NM. I tillegg er det god kapasitet i Førde og vi anbefalar å legge inn reservasjon der om De ikkje får noko nærmare (det er begynt å bli fullt). Vi vil også legge ut mulighet for privat innkvartering for mindre grupper.

Ved endring i reservasjon (at De treng færre rom en bestilt), ver vennleg å avbestill så raskt som muleg, slik at andre får tilgang til desse romma.

Vel møtt til flotte dagar på Byrkjelo og lykke til med dine førebuingar!

Helsing hovudkomité NM i friidrett 2018

Siste nytt:

Første NM-avisa ute

Midten av august nærmar seg og vi meiner folk må kome i skikkeleg friidrettsstemning! I NM-avisa kan du få med deg siste nytt, lese meir om mellom anna Karsten Warholm og Trude Raad og ikkje minst korleis Byrkjelo vart den friidrettsmetropolen som den er. Avisa finn...
Les meir

Motiverer lokale klubbutøvarar med ekstrapremie

Sist NM vart arrangert på Byrkjelo kunne Sogn og Fjordane sjå tilbake på eit stemne med rekordstor medaljefangst. No lokkar arrangøren og SEIKO med klokker til dei fire beste. - Målet er å motivere dei lokale utøvarane litt ekstra. Det er mange som vi veit kan gjere...
Les meir

Forberedelsane er i gang

Stilaset er kome på plass og vi tek sikte på å starte maling av Stadionbygget denne veka. Mykje som skal gjerast før vi kan ta imot utøvarar og publikum til friidrettsfest på Byrkjelo 😀
Les meir