Sist NM vart arrangert på Byrkjelo kunne Sogn og Fjordane sjå tilbake på eit stemne med rekordstor medaljefangst. No lokkar arrangøren og SEIKO med klokker til dei fire beste.

– Målet er å motivere dei lokale utøvarane litt ekstra. Det er mange som vi veit kan gjere det bra, så det blir spanande å sjå kven som stikk av med klokkene, seier Reidar Moldestad, leiar i friidrettsgruppa i Breimsbygda og den som skal leie juryen.

For å i det heile tatt bli vurdert av juryen må utøvarane stille for ein klubb frå Sogn og Fjordane. Om du skulle vere aldri så mykje Jølstring, Førdianar, Sogning eller fjogning, men deltek for ein klubb utanfor fylket, må du dessverre sjå langt etter premien.

– Som arrangør av NM er vi heilt avhengige av at det spirer og gror i dei lokale klubbane. Mange aktive lokale klubbar som får fram talent er heilt nødvendig for å i det heile ha eit friidrettsmiljø i fylket. For ein liten klubb som Breimsbygda er vi heilt avhengige av å ha eit større miljø nært oss som vi kan lene oss på, hente kunnskap og mannskap frå. Så for oss er det ein måte å setje pris på dei som satsar med lokale klubbar, seier leiar i hovudkomiteen Rolf Kjetil Egge.

Kan bli mange om beinet

Premiane, klokker til ein verdi av 5000 kroner kvar, går til dei to beste kvinnene og herrane, og utdelinga skjer søndag, samstundes som Kongepokalane blir delte ut.

I 2011 fekk utøvarar som representerte Sogn og Fjordane med seg heile 13 medaljar frå dei tre dagane, og også i år er det mange som stiller til start med ein lokal klubblogo på brystet.

– Vi veit framleis ikkje kor mange utøvarar som kvalifiserer seg, men klubbar som Gloppen FIL, Jølster, Vik, Florø, Syril og Høyang vil i alle fall utøvarar med under NM, seier Asgeir Årdal, dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins.

Han legg til at det mest truleg berre er fem av medaljegrossistane frå sist NM på Byrkjelo som stiller til start i år.

– Samstundes har det kome opp mange unge og spanande utøvarar som det blir kjekt å følgje. Det er flott at dei beste utøvarane frå fylket blir sett pris på under årets NM. Og med tanke på at troppen vil telje opp mot 20 utøvarar er det mange som kan kjempe om premiane, seier Årdal.