NM i friidrett for 2018 er over, og arrangøren kan sjå tilbake på eit stemne med mange gode resultat, utfordrande vêrtilhøve, eit fantastisk publikum, flotte utøvarar og ein imponerande dugnadsgjeng.

Alle resultata frå NM kan du sjå ved å gå til denne lenka. Du finn bilete og anna på Facebooksida til Byrkjelo2018 og på Friidrett.no.

Hovudkomiteen takkar for eit fantastisk arrangement og vil rette ei stor takk til utøvarar og støtteapparat, publikum, frivillige, sponsorar og andre som har gjort det mogleg for Breimsbygda IL å arrangere NM i friidrett for fjerde gong.